Velkomen til ein engasjerande og informativ ettermiddag den 20. september 2026 kl. 1600 på Aasentunet i Hovdebygda, der Alv Ottar Folkestad fortel om natur og dyreliv på Sunnmøre før og no.
Alv Ottar Folkestad er ein av dei fremste og mest kjende fugleekspertane i Noreg. Han blei hekta på fuglar på starten av 1950-talet og gjekk tidleg gjennom det meste Hans Strøm har skildra om plantar, dyr og natur. Han har ofte nytta Strøm som referanse for naturkunnskap i eldre tid og understrekar at Strøm er ei av dei mest faglege og pålitelege kjeldene for kunnskap om naturtilhøva på 1700-talet.
Denne ettermiddagen tek han føre seg noko av det naturfaglege arbeidet til Strøm og samanliknar det med situasjonen i dag. Kva er stoda, kva er utfordringane, og kva har endra seg sidan Strøm gjorde sine nedteikningar og funn?
Opplev utstillinga om Hans Strøm
Du kan òg nytte høvet til å sjå Aasentunet si temautstilling om Hans Strøm, som markerer at det er 300 år sidan den sjølvlærde naturforskaren blei fødd. Utstillinga viser Strøm sitt arbeid med botanikk, språk og folkeopplysing. Her kan du på nært hald studere bøkene han skreiv, og dei detaljrike teikningane hans av dyr og plantar. I tillegg kan du sjå korleis Ivar Aasen brukte Strøm som kjelde i sitt arbeid, gjennom eit av Aasen sine herbarium.
Alv Ottar Folkestad (f. 1941) er naturvitar og ornitolog med ekspertise på havørn og kongeørn. Han har hovudfag i zoologi frå Universitetet i Trondheim og har lang fartstid frå offentleg forvaltning med miljøsaker som spesialfelt. Han har vore leiar for Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Villsaulag. I dag driv han Brekkegarden AS i lag med kona, Nina Elisabeth Bøe. Han er naturrådgivar, villsaubonde og korsongar – og trur på at mennesket står i ein heilskapleg samanheng med alt anna levande.