Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken og Olbjørn Kvernberg. 11.05.2026. Foto: Alf Reitan
Generalsekretær i Birdlife Norge, Kjetil Solbakken og Olbjørn Kvernberg. 11.05.2026. Foto: Alf Reitan

Offisiell åpning starta 11.05.2026 kl. 12:30 med presentasjon av fugletårnet ved Olbjørn Kvernberg, som har planlagt og finansiert prosjektet gjennom sitt firma Calidris AS med støtte frå Kraftfondet og GassROR.

77 1103A 26

Olbjørn gjekk av som leder for Birdlife Møre og Romsdal tidlegare i år etter 11 år som leder. Dette fugletårnet er ein gave til heimbygda hans. Olbjørn hadde ordna med is og kaldt Eira-vann til alle barna frå Eidsvåg barnehage og Eidsvåg barneskole som var invitert til åpninga. Det var rikeleg med is og Eira-vann til alle frammøtte.

79 1146A 26

Representanter for støttespillere, grunneigarar og entreprenører og personer som har deltatt i bygging og dekorering av fugletårnet vart hedra for innsatsen og fekk eit eksemplar av Fuglekasser-boka til Øivind Leren som takk for innsatsen.

79 1164A 26

Terje Karijord stod for eit kunstnerisk innslag med proklamering av sitt dikt "Eidsvågleira 2002".

79 1173A 26

Generalsekretær i Birdlife Norge Kjetil Solbakken sa nokre velvalgte ord og gratulerte Olbjørn med det flotte fugletårnet. Han takka også Olbjørn for innsatsen som leder i Birdlife Møre og Romsdal. Olbjørn har på imponerende vis bygd opp organisasjonen i si tid som leder. Birdlife Møre og Romsdal har i dag over 600 medlemmer. Kjetil hadde allerede observert 20 ulike fuglearter frå tårnet tidlegare på dagen.

79 1176A 26

Ny leder i Birdlife Møre og Romsdal, Ingvar Gjerdevik overleverte blomster og ein flott gave i form av ein plakett med motiv av ein tjeld. Denne er meint å henges opp inne i fugletårnet. Kunster for plaketten er Magne Beyer.

79 1188A 26

Til slutt var det åpning av Fugletårnet med snorklipping av ordførar i Molde kommune Trygve Grydeland. Ordføraren fekk med seg alle barna på nedtelling frå 10 før han klipte snora. Ordføraren var svært imponert over dette byggverket.

79 1196A 26

Se flere bilder av fugletårnet på Alf Reitans fotoblogg.