Lørdag 08.06.2024 arrangerte Birdlife-MR fellestur til Vetavatna i Molde kommune (tidlegare Nesset kommune).
Turledere var Øyvind Gjeldnes og Jon Bjarne Jordal. Turen starta frå Haugasetra (ei av "Rødsetrin") og gjekk gjennom bjørk og ospeskog ned til Vetamyra. Vi fortsatte langs dei 2 Vetavatna, Litle Vetavatn og Store Vetavatn.
Jon Bjarne hadde med utstyr til fangst av sommerfugler og vi fekk interessant informasjon om både sommerfugler og blomster. Sommerfuglene vart fanga med hov for identifikasjon og så sleppt laus igjen.
Så gjekk vi opp på Heian og passerte ei par mindre tjern. Der fekk vi sett blant anna ei par med smålom.
Vi gjekk vidare gjennom gammel fjellfuruskog på leiting etter duetrost. Denne vart også observert på langt hold.
Vi fekk også sett eit tranepar på turen. Retur via Vetamyra til Haugasetra.
Totalt vart det sett og hørt 26 forskjellige arter deriblant dvergfalk, sivspurv og tårnseiler. 12 deltakere var med på denne interessante turen på ca 8 km i terrenget. Vi kosa oss med medbragt niste og kaffe/drikke på turen.
Nedenfor er nokre bilder frå turen.
Turleder Øyvind Gjeldnes orienterer om turen før avgang frå parkeringa ved Haugasetra. Totalt 12 deltakere hadde møtt opp for å vere med på turen.
Turen starta ved Haugasetra.
Vi skuer innover mot Litle Vetavatn.
Turleder Jon Bjarne Jordal orienterer om flora og fauna.
Pause ved Litle Vetavatn. Vetafjellet i bakgrunnen.
Stopp ved Store Vetavatn for å kikke etter fugler.
Her har Jon Bjarne fanga ein Marimjellerutevinge. Fugler, sommerfugler og blomster vart registrert og lagt inn på Artsobservasjoner.
Ei gammel høyløe som hadde sett bedre dager.
Kort pause ved gammelt kulturlandskap med blant anna ei gammel høyløe.
På tur opp til Heian hadde vi flott utsikt mot Store Vetavatn.
Matpause ved stor stein (flytteblokk) på kanten av Heian.
I den første tjønna på Heian hadde eit par smålom tilhold. Vi passerte tjønna på god avstand.
Øyvind Gjeldnes orienterer om siste del av turen gjennom gammel fjellfuruskog.
Eit tranepar varsla vår ankomst. Tranene her hadde fått uvanleg sterk rødbrunfarge som sikkert var meint som god kamuflasje. Farga kjem nok frå vatn med mykje jaminnhold (rustfarge).
Her kjem tranefar flygende.
Turgjengen på siste del av turen tilbake til Haugasetra.