Fugleøya Runde har meir å by på enn lunde! Under den parolen inviterte BirdLife Møre og Romsdal til ein annleis fugletur søndag 5. mai.
Tjuefem deltakarar i alle aldrar møtte fram. Dei kunne glede seg over gjensynet med ei rekke trekkfuglar som no er tilbake etter vinteropphaldet i sør: Strandsnipe, låvesvale og steinskvett var blant Afrika-trekkarane som kasta glans over søndagen.
Turen var lagt opp på ein annan måte enn mange Runde-besøk: I staden for å gå opp i høgda og sjå ned i fuglefjellet, heldt turfølget seg i låglandet på sørsida av øya. Det var oppmøte på parkeringsplassen ved kyrkjegarden, derifrå gjekk turen langs vegen mot hamna. Frå vegkanten var det god utsikt til fuglelivet i fjøra, på sjøen, på markene og i hagane innanfor.
Før følget la i veg, fortalde naturfotograf og journalist Hallgeir B. Skjelstad levande om fugleartane som finst på øya. Skjelstad forklarte at fuglelivet har endra seg mykje gjennom dei tiåra han har ferdast på Runde. Fleire artar har gått mykje tilbake. Nokre hekkar ikkje lenger på øya: havhest, tjuvjo, makrellterne, raudnebbterne, ærfugl.
Men enkelte nye artar har også dukka opp, som pilfinken og tornirisken. Begge desse sporvefuglane viste seg i løpet av søndagsturen.
Sola varma og skodda heldt seg vekke. Og det var mykje å sjå. Fleire enn førti fugleartar blei loggførte på turen: Grågås, gravand, stokkand, siland, svartand, islom, havsule, toppskarv, tjeld, storspove, småspove, strandsnipe, gråmåse, svartbak, krykkje, fiskemåse, teist, ringdue, låvesvale, linerle, heipiplerke, skjerpiplerke, gjerdesmett, jernsporv, svarttrast, måltrast, steinskvett, raudstrupe, lauvsongar, gransongar, fuglekonge, svartkvit flugesnappar, svartmeis, toppmeis, skjor, kråke, stare, gråsporv, pilfink, bergirisk, tornirisk, gråsisik, gran-/furukorsnebb, bokfink.