NOF- MØRE OG ROMSDAL: EKSKURSJON TIL MELLANDSVÅGEN 19. NOVEMBER 2017

Vel framkomne til Mellandsvågen på NOF-ekskursjon konstaterte vi at vervarslet frå kvelden før hadde slått til. Snødrevet var likevel ikkje tettare enn at vi skimta den første islomen - frå bilen. Tradisjon tru var vi med lengst reiseveg kome fram først (frå dalstrøka laaangt innafor), i god tid før annnonsert start av utflukta i 12-tida. Vi mista etterkvart håpet om lysning og starta på returen, da vi vart møtt av ein rørsleg trønder som spådde "snart skin sola". Vi skjønte at vi hadde møtt den harde kjerna, og vart med tilbake. Ved samling litt seinare på støttepunkt Finnset, ialt 6 stk frå begge sider av gjeldande fylkesgrense, måtte vi gje optimisten rett: Fri sikt med solglytt og vindstille var perfekte forhold.

Det vart inga rekordnotering denne dagen, sjølv om dei fleste forventa artane var på plass. Mest talrik var silanda, med ein flokk på nokre titals fuglar. Sjøorre og svartand opptrådte i små grupper, medan havelle og ærfugl viste seg berre enkeltvis. Uoffisielt kan vi og rekna med fire hannar av laksand (før offisiell start av ekskursjonen). Det var lite å sjå til dykkarar, som kan overvintra talrikt her. Kun ein einsleg gråstrupedykkar var alt vi kunne skimte. Kanskje var dette for tidleg på vinteren for både desse artane og for lom (einast tre islom registrert, ingen med gult nebb). Alkefuglar var representert med ei einsleg teiste. Nokre kvitrande fjæreplytt og steinvendarar heldt oss med selskap på svaberga.

Mellandsvågen naturreservat i Aure med omliggande landskapsvernområde vart utvalgt til Ramsarområde i 1996, som eit våtmarksområde av internasjonal verdi. Det har særleg betydning for rastande og overvinterande sjøfugl. Både siland, ærfugl, sjøorre og havelle kan opptre med hundretals fugl, men også for horndykkar og gråstrupedykkar er området viktig (oppgitt makstal på omkring 50 av kvar). Dette ifølge Forvaltningsplanen for området, utarbeida av Møre og Romsdal fylke i 2006. Friviljug arbeid frå NOF har vore viktigaste kunnskapskjelde om fugleliv i området, men planen peikar på at både overvintrande og hekkende sjøfugl bør overvåkast med årlege, standardiserte teljingar.

Komplett artsliste ligg på www.artsobservasjoner.no

Takk til Frank Harald Larsen som velvillig stilte opp som leiar av ekskursjonen.

Tekst:  Ingvar Stenberg  •  Foto: Ola Ragnar Gjøra