Smalom_Prestvatet_TR_KBS

OUM /NOF Møre og Romsdal har fått tilsagn om tilskot frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til Lomprosjektet i Møre og Romsdal for 2011. Prosjektet går ut på kartlegging av bestandssituasjonen og innfanging av begge artane for ringmerking, der det er mogeleg.

 

Vi ber om at har du sett smålom/storlom i hekketida (mai-august), så gir du beskjed til underteikna, som er prosjektleiar. Om ein ser lom i hekketida, betyr det nødvendigvis ikkje hekking i vatnet . Skal ein vere sikker på hekking, må ein ha sett reir med egg, eller ungar på vatnet. Beste tida for å konstatere hekking er frå no av og litt ut i august.. Akkurat no er ungane på vatnet, og lette å sjå. Ser du det, vil underteikna gjerne ha beskjed STRAKS, for å vurdere om fangst er mogeleg. (Ein kjenner enno ikkje til trekk og overvintring hos våre lomar.)

 

Rapporter dette:

a) Hekking (egg eller ungar ) av smålom eller storlom i år.

b) Observasjon av smålom eller storlom i hekketida der egg eller ungar ikkje er konstatert.

c) Også hekkeobservasjonar av begge artar frå tidlegare år er av stor interesse. Oppgi då årstal.

d) Hugs namn på vatn og kommune, helst med koordinatar.

e) Observatør(ar), adresse og telefonnummer.

 

Resultatet vil bli publisert i «Rallus» nr. 3-2011 eller nr. 1-2012. Alle bidragsytarar vil bli nemnde.

Brukar du bil eller har andre reiseutgifter, vil du få dekka desse utgiftene.

 

Håper på god innsats i dei neste vekene ! Begge artane slit, så det er viktig å få god oversikt over situasjonen.

 

 

Kjell Mork Soot,

Hareidsvegen 234,

6060 Hareid.

Tlf: 70092443 / 91308487.

Email: kjellmorksoot@fugler.com