Årsmøtet i Birdlife Møre og Romsdal vart i år arrangert på Hustadvika Havhotell. 32 personer møtte fram til årsmøtet som starta kl 15 lørdag 13.04.2024. Etter vanlege årsmøtesaker var det 2 andre interessante innlegg på timeplana. Øivind Leren presenterte sin nye bok "Fuglekasser" og Øyvind Gjeldnes presenterte resultater frå den store sjøfugltellinga som var ferdig tidlegare i år. 

Seinare på kvelden var det middag på hotellet og sosialt samvær med blant anna ein interessant fugle-Quiz.

Søndagen kom med gråvær og regn frå morgonen, men det slutta å regne i det vi starta på tur. Turen gjekk til Sandblåst/Gaustadvågen Naturreservat. Dette har vore eit stort og viktig område for fugler både som hekkeområde for vadefugler og ender og som rasteplass for trekkfugler under vår og hausttrekk. Naturreservatet vart oppretta i 1988 og fekk i 1996 status som ramsarområde på grunn av sin betydning for trekkfugler. Området har i dag endra karakter av forskjellige årsaker og er ikkje lenger så viktig som hekkeplass, men er fortsatt viktig som rasteplass under vår og hausttrekk og til overvintringsplass.

Vel ute på ein håg (haug) fekk vi god innføring av historien til området av ein engasjert turleder Øyvind Gjeldnes. Som bildene nedenfor viser var det ein stor gjeng fuglefolk som var med på turen.

Vi avslutta dagen med tur til fuglehytta på Maletangen.

På grunn av været vart det ikkje observert så mykje fugl, men mange av oss fekk sjå ein del interessante fuglearter i løpet av helga.

Nedenfor er presentert ein del bilder frå Årsmøtehelga og turane på søndag 14.04.2024.

74 1533A 24Hustadvika Havhotell, Storholmen, Farstad, 13.04.2024
IMG 3368AFrå årsmøtet i Birdlife Møre og Romsdal, 13.04.2024.
IMG 20240413 163457429 AØivind Leren presenterer sin nye bok "Fuglekasser".
IMG 20240413 175601564 AØyvind Gjeldnes presenterer resultater frå den siste store sjøfugltellinga som var ferdig tidlegare i år. Sjøfugltelling har blitt utført frå Kjørsvikbugen og Smøla i nord til Giske i sør. Øyvind hadde med seg den store boka med all historisk informasjon om sjøfugltellinger i Møre og Romsdal.
IMG 3379AFrå middagen på hotellet etter årsmøtet.
75 1542A 24Fuglefolk på tur til Sandblåst / Gaustadvågen naturreservat. Vi samlast på ein haug med god oversikt over både Sandblåstvågen og Gaustadvågen.
75 1545A 24Mange fuglefolk med teleskop og kamera på haugen, men det var lite fugl å sjå.
75 1547A 24Utsikt til Gaustadvågen.
75 1552A 24Fuglefolk på tur. Utsikt mot området mellom Sandblåstvågen og Gaustadvågen.
75 1553A 24Her ser vi den innerste delen av Sandblåstvågen med store tidevannssoner og strandenger.
75 1554A 24Øyvind Gjeldnes og Geir Gaarder forteller om dette området og prøver å forklare årsakene til at området har blitt mindre attraktivt som hekkeplass.
75 1556A 24Mange hadde med seg teleskop men det var lite fugl å sjå. Dei fuglane som var i området, vart nok observert.
75 1559A 24På tur til hytta på Maletangen
75 1560A 24Ved BirdLife Norge avd. Møre og Romsdal sin hytte på Maletangen.
75 1565A 24Her ser vi på mulig vedlikeholdsarbeid på tak og værvegg.
74 1529A 24Storspove,Storholmen, Farstad 13.04.2024.
75 1541BA 24Gravand, ,Storholmbukta, Farstad 14.04.2024.
20 129A 24 10Svartstrupe, Hustadvika, 14.04.2024
77 1591BA 24 17Traner og sangsvaner innerst i Gaustadvågen, 14.04.2024